Om

Litt frå historia til Austrheim Songlag

 

Alt i 1895, for 115 år sidan, var det blandakor i Austrheim!

Dirigent skal ha vore ein lærar med namnet Sletten.

Etter nokre års drift, vart det pause fram til 1915. Då vart songen teken oppatt, leia av ein annan lærar vi ikkje veit namnet på. Frå 1923 var M. Hjartås dirigent i nokre år, og prestefrua, Kari Brekke, hadde ein aktiv periode med koret frå 1933 og fram til krigen.

Alt i 1943 var koret i drift igjen, under dirigent Gjertrud Daae. Ho hadde ansvar for koret i ein lang og aktiv periode heilt fram til 1965. Etter ei kort pause, tok Jonas Hjartås oppatt koret frå 1971-76. Då vart Magne Kristoffersen tilsett som dirigent og musikkleiar i kommunen.

 

Etter to år tok Olav Ebbesvik over ansvaret for koret fram til 1996

då Steinar Ebbesvik greip taktstokken. Han har hatt hand om vekst og utvikling av koret dei siste åra og fram til hausten 2021.


No er det Elisabeth Jensen Risnes som er dirigent for koret.